NorskEnglish

Fjord1MRF AS

Om Fjord1

Fjord1 Nordvestlandske AS vart stifta i Florø 9. mai 2001 etter ein fusjon mellom Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane AS og Møre og Romsdal Fylkesbåtar AS.

Fjord1 Nordvestlandske AS er morselskapet i Fjord1, eit transportkonsern med omfattande aktivitet på sjø og land i store delar av Noreg. Fjord1 Nordvestlandske AS er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune (59%) og Møre og Romsdal fylke (41%), og har hovudkontor i Florø.

Konsernet si kjerneverksemd er ferjedrift, passasjer- og ekspressbåtdrift, lokal- og ekspressbussdrift, reiseliv, godstransport på land og catering. I tillegg driv konsernet omfattande verksemd innan andre forretningsområde, herunder reisebyrå, verkstaddrift, finans og eigedomsforvaltning.

Aktiviteten er organisert i fire forretningsområde; sjø, buss, gods land og service, og vert driven gjennom 7 datterselskap; Fjord1 Fylkesbaatane AS, Fjord1 MRF AS, Fjord1 Buss Møre AS, Fjord1 Transport AS, Fjord1 Nordfjord-Ottadalen AS, Fjord1 Sogn Billag AS og Fjord1 Service AS. I tillegg kjem underliggande selskap og eigarinteresser i ei rekkje andre selskap

Hjemmeside Fjord1

Tilbake